Tirsdag kveld var det klart for årets tredje seriekamp for Loket 1. Motstandar var Vollen, som kom ned frå 3. divisjon til denne sesongen.
Etter to uavgjortkampar i sesongåpninga var Loket svært klare for å kapre sin første 3-poengar. Spelemessig har vi vore fult på høge, ja endatil dominerande, i både treningskampar og seriekampar so longt, og til tross for noko mager poengfangst har prestasjonane våre gode.
Når den unge dommartrioen bles i gong kampen er vi på høgget i alle ledd. Ballbesittelse, kommunikasjon og vinnarvilje er understreka før kampen, og vi startar med alle desse elementa intakte. Etter 8 minutt rullar vi opp på høgre side, som endar med ei diagonalpasning til Ragnar, som avsluttar utanfor frå ti meter. Med mange sørlendingar og sunnmøringar på laget er referansen til Mathisen sitt Aafk-mål mot Start ei grei forklaring på angrepet.
Vi fortsetter å trille ball, fordele frå side til side, utan å være spesielt giftige. Vår største sjanse kjem etter 20 minutt, der Nedvin på elegant vis runder både ein og to vollar på si side, før han slår ut 45 grader til Håvar på 7 meter. Dessverre er Håvar mest glad i høgrefoten sin, og i eit forsøk på å stokke beina vert sjansen avverga. Stor moglegheit.
2 minutt seinare kjem Vollen sin første sjanse, etter eit longt innkast frå høgrebacken. Vi er lite besluttsomme, noko som endar med eit skudd frå skrått hald, i lengste stolpe. Like etter er Vollen nok ein gong igjennom, men Bjørn Åge hentar fram ei dobbelredning i van der Sar-stil.
Resten av omgonen skjer det ikkje all verden, før Vollen heilt på tampen får nokre gode moglegheiter. Etter 43 minutt er dei heilt igjennom, men aleine med Bjørn Åge er det ingen som likar å være - og vår gode målmann reddar meisterleg. Deretter er det nok ein gong farleg etter longt innkast frå høgresida til Vollen, og endar som nedfallsfrukt i feltet vårt. Heldigvis går skuddet til sides for mål.
Til pause er vi einige om at vi spelemessig er på høgde, dog ikkje spesielt giftige. Vi gjer ingen endringar verken på spelarar eller formasjon.
Etter 50 minutt kjem Vollen raskt gjennom etter eit brudd, og fører raskt opp mot vårt forsvar. Fine kombinasjonar gjer at spissen får løsna eit godt skot frå ca. 17 meter, rett i nota. 1-0.
Vi fortsetter også etter dette å føre spelet, men Vollen let oss ikkje kome til dei store moglegheitene. Vi gjer etterkvart nokre bytter, slik at vi avsluttar dei siste 20 minutta i ein 3-4-3-formasjon. Dette gir oss rimelig raskt nokre sjansar, der Simon får ein gavepakke frå 13 meter – men til sides. 3 minutt seinare ligg ballen død i Vollenfeltet på 4 meteren, men nok ein gong plasserar vi ballen sikkert på feil side av nettveggen.
I denne siste perioda kjører vi fullstendig over Vollen, som febrilsk prøvar å halde oss unda. Spesielt ropa frå den engelsktalande Vollen-trenaren seier mykje om det som skjer: ”Are you going to fuck this up? Are you really going to play well for 60 minutes, and then fuck it up??”
Men dei føkkar det ikkje opp, og rir av leiinga heilt til kampslutt. Vi greier vel å merke å drage på oss 2 gule kort (Jonas og Ragnar) for kjefting på dommar, so vi får i hvert fall satt litt spor i dommarkortet.
Kort oppsummert er vi nok ein gong svært på høgde spelemessig, gjerne faktisk førande. Dessverre endar kampen med marginalt tap, eit resultat som var skuffande for alle som var tilstades. Utan å sitere nokon spesielt, var følgande kommentar gitt i etterkant: ”Det føles som å knulle uten pikk”.
Beklagar nokre seksuelle preferansar i dette referatet, men det er tross alt vår.
- Steinar