'OSI - Lokomotiv Oslo [3 -1] - Terningkast:2'
OSI - Lokomotiv Oslo 3 -1

Spiller Start posisjon Mål Assist Poengsnitt Kort
Audun Orten Trovåg - #50Keeper0 06-
Torje Storaker - #10H.Stopper0 06.3-
Steffen Fossum Engnæs - #46V.SentralMidt0 06-
Bård Einar Torjesen - #36H.Ving0 05.8
Einar Stabell - #9Innbytter0 06-
Mads Sævik - #40V.Back0 06-
Vegard Sørensen - #59Innbytter106.4-
Aleksander Svingen - #18H.Back0 06-
Ragnar Leknes - #6V.Stopper0 16-
Tom Erik Falck-Ytter - #2S.SentralMidt0 06.5-
Nikolai Larsen Bredal - #22H.SentralMidt0 06.6-
Kåre Andre Jevanord - #53Innbytter0 05.4-
Simon Aase - #27Innbytter0 06-
Dag Otto Lund Christensen - #24V.Ving0 06-
Håvar Karlsen - #34S.Spiss0 06-
Klikk her for å se lagoppstillingen

Pinglete start førte til déjà vu for Loket
Bestemann : Tom Erik Falck-Ytter

Til Lokets andre treningskamp på Domus Athletica var det med 7 spelera som ikkje var med  sist gong, inkludert 5 debutanta (Mads, Tom Erik, Simon, kåre og Vegard Sørensen) for Loket. Motstandar var OSI, og det  skulle vise seg at dei stilte med eit lag som holdt 4. divisjonsstandard denne kvelden, og det skulle vise seg til å vere meir enn nok til å sette Loket på plass i starten av kamp.

Faktisk fikk Loket det første baklengsmålet i sekken etter knappe 3-4 minutt. På ein altfor lett måte får OSI tråkle seg forbi Loket forsvaret til tross for at vi er etablert i forsvar, og frå kort hald er det ein enkel  jobb for OSI å plassere ballen forbi Audun. Like etter har Loket ein enorm mulighet til å utligne når Steffen får stå heilt aleine inne i OSI-feltet, men headinga går utanfor. Men like etter står det 0-2 når mangelfull kommunikasjon i midtforsvaret gjer at begge går i same duell, noko som sender OSI spissen gjennom og dermed eit nytt baklengsmål. Ikkje nok med det etter halvtimen mister ballen på vei framover på eigen banehalvdel, og OSI slår kontra, vi har muligheit til å klarere ballen, men gir heller ballen ifrå oss, og skotet går via stolpen og i mål. Dermed 0-3 i sekken på heilt unødvendige og "pinglete" baklengsmål, og faktisk utan at heimelaget hadde so mange andre sjansa i omgangen. Tom Erik og Bård skaper i fellesskap ein stor  sjanse for oss like før pause, men OSI redder på streken. Vi sliter med mange pasningsfeil, og mange gøymer seg heller framfor å ta  ansvar i denne  omgangen, ved eit par tilfelle visste vi tendenser og spelte veldig bra fotball, men det var også berre ved eit par tilfelle...

Til andre omgang gjer vi nokre bytte, og vi er meir tende frå start i denne omgangen. Den vanligvis gode bana er veldig sleip denne kvelden (skal tru om undervarmen var avslått?), som gjer at vi har problem med fotfeste, og det går nok også utover spelet vårt. Andre omgangen er særs sjansefattig, men OSI er nok laget som er flinkast med å halde ballen i laget, men dei er imidlertid særs lite gjennombruddshissig. Loket har eit par gode sjansar denne omgangen (heading frå Håvar etter innlegg frå Einar, samt ein corner som blir redda på streken frå OSI), men det er først heilt på tampen det blir redusering. Eit fint slått frispark av Ragnar blir heada i mål av debutant Vegard (Sørensen). Dermed ender kampen 3-1 til OSI, med andre ord er det tredje gongen at oppgjeret mellom desse to laga ender med 3-1 til heimelaget...

Det er fortsatt veldig tidlig i sesongoppkjøringa, og på dei to første kampane har vi benytta oss av 20 spelera, og i neste kamp er det trulig 7-8 mann til som får sin første kamp for sesongen. Dermed skal alle vere klar over at det blir konkurranse om plassane, og at det blir viktig å ta vare på muligheitene ein får til å gjere eit godt inntrykk. Framover vil vi endelig disponere full bane på treningane, noko som gjer at vi då skal få meir erfaring med spel på stor bane også på trening. At vi sliter spelemessig mot det vi kan beskrive som eit habilt 4.divisjonslag skal vi derfor ikkje bruke for mange kaloria på no, dei skaper tross alt ikkje veldig mykje, og vi viser i andre omgang  at kondisjonen ikkje  er eit problem. DERIMOT er det grunn til bekymring når det gjelder måten vi slepper inn måla i 1. omgang på, det er ganske enkelt ikkje godt nok i denne divisjonen, og det veit nok alle mann også...