'Lokomotiv Oslo - Rustad [1 -1] - Terningkast:4'
Lokomotiv Oslo - Rustad 1 -1

Spiller Start posisjon Mål Assist Poengsnitt Kort
Audun Orten Trovåg - #50Keeper0 06.2-
Torje Storaker - #10V.Stopper0 06.6-
Bård Einar Torjesen - #36H.Ving0 06-
Einar Stabell - #9Innbytter0 05.6-
Aleksander Svingen - #18H.Back0 06-
Steinar Egset Nupen - #44H.Stopper0 06-
Ragnar Leknes - #6V.Back0 06.2
Jonas Collin Flatval - #60V.SentralMidt0 06.8-
Paul Beskow - #41Innbytter0 05.3-
Nedvin Huskovic - #58V.Ving0 06.6
Kirjan Veamyhr - #38S.SentralMidt0 07.4-
Nikolai Larsen Bredal - #22H.SentralMidt0 06.7-
Dag Otto Lund Christensen - #24S.Spiss106.7-
Klikk her for å se lagoppstillingen

Mykje vilje i uavgjort kampen mot Rustad
Bestemann : Kirjan Veamyhr

Lokets første treningskamp for sesongen var mot 4. divisjonslaget Rustad. Begge laga hadde riktignok ein del forfall, og spelemessig har nok begge lag ein del å gå på i forhold til det som vart prestert denne kvelden i det etterkvart tette snøværet.

Loket  var det førande laget i starten av kampen, og etter kun 3 minutt tar Loket ledelsen når Dag Otto snappar ballen frå Rustad forsvaret og smeller av eit skot frå rundt 20 meter i korthjørnet som overrasker Rustad keeperen og sniker seg inn ved stolpen. Etter dette har Loket framleis initiativet i kampen, men Rustad har også sine muligheiter ved eit par tilfeller der Loket rotar det litt til i forsvar. Utligninga kjeme etter at halvtimen er spelt. Ein dødball blir slått inn i Loket feltet og Nedvin klarer framme i feltet å berre stusse den vidare innover i feltet, der har Loket eit par muligheiter til å klarer, men istaden er det Rustad som er mest agressive og header ballen i mål. Vi mangla vel litt av "Politi(luft)styrken" vår i den situasjonen. 1-1 blir også pauseresultatet.

I andre omgangen fortsetter kampen å vere veldig tett, og det er stor innsats og duellvilje frå begge laga. Ragnar og Nedvin pådrar seg begge gult kort i kampen, Ragnar for rutinert ha stoppa ein Rustad overgong, medan Nedvin får det for språkbruk. I andre omgang  har Nedvin ein stor muligheit på ei heading etter ein dødball frå Einar, medan Nikolai burde ha putta etter å ha blitt spelt  fri foran mål etter fint forarbeid frå seg sjølv, Bård og Aleksander, men skotet går til side for mål. Rustad har også eit par  muligheiter, men kampen ender 1-1, og totalt sett var det eit riktig resultat.

Aleksander og Jonas (begge spelte på St. Hanshaugen i 2009) kom bra frå Loket debuten, men spesielt Kirjan imponerte som anker i denne kampen, med stor arbeidskapasitet og susande taklingar. Ein positiv opplevelse for Kirjan som gikk glipp av heile 2009 sesongen etter å ha skada seg i påska, forhåpentligvis helde han seg skadefri denne sesongen.

I neste veke er det torsdag ny treningskamp, og då borte mot 4. divisjonslaget OSI på Domus Atletica. I fjor tapte vi som kjent 3-1 mot OSI i serieopninga på  same bane.